Gå til sidens hovedinnhold

Vegtrafikksentralen: – Bilane berre sklei av garde

Artikkelen er over 2 år gammel

Fleire bilar har fått problem på glatta ved Tysse i Fjaler. Ein bil har køyrt utfor. Vegtrafikksentralen har purra på entreprenør fleire gonger om strøing.

Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar frå sjåførar som klagar på glatt veg frå Tyssedalen og ned mot Tysse i Fjaler.

Måtte purre på entreprenøren

– Det har kome utruleg mange meldingar. Bilane berre sklei av garde på glatta, seier Andreas Herland i Vegtrafikksentralen til Firda søndag ettermiddag.

Han fekk dei første meldingane tidleg på dag, og varsla då entreprenøren.

– Men så kom det endå fleire meldingar frå folk om at det framleis var glatt, og då purra eg på entreprenøren. No håper eg verkeleg han er på plass, for det er ei stund sidan vi purra på ny, seier Herland, og legg til at han ikkje veit kva som er årsaka til at det har tatt tid for entreprenøren å reise ut.

Klokka 13.47 kom meldinga om ei trafikkulykke ved botn av Tysse. Vegen er ikkje stengd, men ein ventar på bilbergar.

– Det er ofte her ulykkene skjer også, for då har du sklidd av garde og slit med å stoppe når du kjem i botn av dalen, seier han.

Får klager frå folk som er misnøgde

Vegtrafikksentralen får frå tid til anna klager frå folk som er misnøgde med dårleg eller mangelfull strøing og brøyting.

Særleg gjeld dette på mindre sidevegar. Her er det nemleg andre krav enn på til dømes E39.

– Jo meir trafikk det er på ein veg, desto større er krava til kva standard det skal vere.

– Er det mange som er frustrerte på dette?

– Nokon av dei som ringer inn er det, ja. Dei har kanskje meldt ifrå fleire gonger og vi har purra på entreprenøren, men det er opp til entreprenøren å velje om dei skal reise ut. Dei har ei kontrakt som dei følger, seier Herland.

TIPS OSS MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Kommentarer til denne saken