Vegtrafikksentralen: – Betydeleg mindre trafikk

KRINGLA: Slik såg det ut på Kringla på E39 i Gulen i 19-tida, fredag.

KRINGLA: Slik såg det ut på Kringla på E39 i Gulen i 19-tida, fredag. Foto:

Av

Påsketrafikken i Noreg er vanlegvis synonymt med køar og forseinkingar. I år er situasjonen ein heilt annan.

DEL

– Utfrå det vi ser på kamera og tal henvendelsar frå folk, er det ein markant nedgang enn normalt for ei helg eller palmehelg. Men det er også som forventa. Vi forventar at folk følgjer retningslinjene til staten.

Det seier Ronny Sleire, trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen Vest.

Også på hovudflyplassen i Noreg var det tomme terminalar fredag, skriv NRK.

– Det er mellom 4.000 og 5.000 menneske som skal flyge inn eller ut frå Oslo lufthamn i dag. På ein vanlegvis stor utfartsdag som denne, skulle over 90.000 passasjerar ha reist. Det er eit dramatisk fall i passasjertrafikken på 90–95 prosent, seier Joachim Westher Andersen, kommunikasjonssjef ved Oslo lufthamn.

Tog- og kollektivselskapa har allereie redusert påsketilbodet.

– Normalt ville vi ha sett opp ekstra kapasitet i påska, men sånn er det definitivt ikkje no, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy til NTB.

På fjellovergangane er to vegar stengde per 19.45:

  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengd. Ventar å opne laurdag klokka 12.00.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Stengd grunna uvêr og fare for ras.

Artikkeltags