Gå til sidens hovedinnhold

Vegtrafikksentralen åtvarer: Ruskevêr det neste døgnet

Det er meldt ruskevêr i fjellet det neste døgnet. Det er fare for kolonnekøyring og stengde fjellovergangar.

Dersom ein må ut å køyre, oppfordrar Vegtrafikksentralen vest til å køyre etter forholda.

Dei minner om gode dekk, full tank, varme kle eller pledd, og varm mat og drikke.