– Det kjem meir vatn enn dreneringa klarar å få vekk, så det er fare for dammar i vegen som då kan gje vassplaning.

Det seier trafikkoperatør Andreas Egenæs Herland hos Vegtrafikksentralen.

Tysdag kveld gjekk Vegtrafikksentralen ut og åtvara om flaum på E16 i Lærdal. Brøytekantane hindrar at vatnet som kjem ned ikkje forsvinn fort nok, som igjen fører til vass-samling i vegen.

– Det er ikkje krise, men vi gjekk ut med meldinga for å gjere bilistane merksame på problemet, seier Herland.