Gå til sidens hovedinnhold

Vegen mellom Skei og Fjærland vert opna for kolonnekøyring klokka 20.30

Artikkelen er over 2 år gammel

Vegen har vore stengt sidan klokka 15.30 då tre vogntog var involverte i ei ulykke. Klokka 20.30 vil det bli opna for kolonnekøyring. Tyngre køyretøy må ha kjettingar for å passere.

Tysdag ettermiddag var dei ei ulykke med tre vogntog involverte. Det eine traileren, som frakta diesel, velta og vart liggande på sida. Ulykka skjedde på Jølster-sida av Fjærlandstunnelen.

Klokka 20 melder både politiet og Statens vegvesen at det blir kolonnekøyring frå klokka 20.30. Tyngre køyretøy får ikkje passere dersom dei ikkje har på kjetting.

Tankbilen som velta ligg framleis på staden. Ein pumpebil vil jobbe med å tømme denne før også den kan fjernast og vegen opnast for fri ferdsel. Det er venta at tømminga vil ta mellom 2 og 3 timar.

OPPDATERING KLOKKA 18.00: Ein time etter at politiet la ut på Twitter at vegen var delvis open og at det var dirigering forbi ulykkesstaden, kom det ei ny melding. Det står det at dette er feil. Vegen er framleis stengd, og det var berre bilar innanfor sperringa som fekk passere ulykkesstaden.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.30.

Klokka 15.45 var dette opplysningane politiet hadde:

– To vogntog er involverte. Eit av dei har velta, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Då hadde politiet ikkje fått på plass mannskap på staden, og hadde ikkje detaljar om kva som hadde skjedd.

Store materielle skadar

Det viste seg etter kvart at det hadde vore tre vogntog involverte i ulykka.

– Tre vogntog har vore involverte. To av dei fekk store materielle skader, og det eine velta også i samanstøyten, seier Knappen.

Ho seier ingen er komne alvorleg til skade, men at føraren av vogntoget som velta er lettare skadd.

Store mengder diesel

Vogntoget som velta var lasta med diesel, og det var lenge frykt for at store mengder diesel skulle renne ut i terrenget.

– Heldigvis har det gått ganske bra. Lekkasjen er stoppa og det er berre snakk om minimale utslepp. Det vert no jobba med å tømme tanken før bilen kan fjernast, seier Knappen rundt klokka 17.

Dirigering forbi ulykkesstaden

– Den store utfordringa akkurat no er vêret. Det er veldig dårleg vêr og føreforhold i området, og også vanskelege arbeidstilhøve for dei som jobbar på staden, seier Knappen.

Det var etter uhellet uklart kor lenge vegen ville vere stengd, og klokka 16.30 melde Statens vegvesen at det var omkøyring via Vadheim – Sogndal.

Vegen er klokka 17.59 framleis stengd, og omkøyringa er via Vadheim – Sogndal.

Kommentarer til denne saken