Dette skapte lange køar tysdag ettermiddag.

Årsaka til stenginga er skogrydding oppå ei skjering, opplyser Vegtrafikksentralen.

Arbeidet startar klokka 07.00 og held på til 16.00 måndag til fredag. Siste dag er altså 16. desember.

Utrykkingskøyretøy på utrykking og rutegåande trafikk kan passere.

Andre meldingar:

  • På E39 i Aven er det lysregulering til og med torsdag 1. desember, opplyser Vegvesenet.
  • I Brendsdals- og Hyllestadtunnelen på fv. 607 vil det vere arbeid frå klokka 20.00 til 06.00 i perioden onsdag 30. november til 2. desember. Vent på følgebil.
  • Båtevik- og Harefossentunnelen på fv. 57 vil det vere arbeid frå klokka 20.00 til 06.00 i perioden 1. til 2. desember. Vent på følgjebil.
  • Støylsnestunnelen og Kjøsnestunnelen på rv. 5 må du rekne med inntil ein halvtime ventetid onsdag i tidsrommet 09.00 til 12.00 grunna vegarbeid. Det er manuell dirigering på staden.

Hald deg kontinuerleg oppdatert på vegvesen.no.