Gå til sidens hovedinnhold

Vegarbeid mellom Naustdal og Stavang kan gi venting i inntil 30 minutt

Heilt til mai 2022 blir det vegarbeid mellom Frammarsviktunnelen og Jørneset på Fv. 611 mellom Naustdal og Stavang.

Grunna vedlikehaldsarbeid blir det manuell dirigering på staden. Dette føregår måndag til torsdag frå klokka 07.00 til 21.00. Ventetida er rekna å vere rundt 30 minutt.

Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk får passere.

Statens vegvesen melder at arbeidet vil føregå frå 15. september til 31. mai 2022.

Les også

Frå tysdag av må du bu deg på venting ved Naustdalstunnelen

Les også

Vegarbeid i Gloppen – stengingar på 30 min

Kommentarer til denne saken