Festivalen Norsk Countrytreff har vore halden i Breim i Gloppen sidan 1995 og skal arrangerast for 27. gong i år. Det er Arve Kleppe som har drive festivalen sidan 2017, men no gir han ansvaret vidare til Vegar Sårheim.
Kleppe seier til Firda at han no nærmar seg pensjonsalderen og at det var naturleg å gi jobben vidare. Den avtroppande leiaren seier også at han har stor tru på Vegar Sårheim som no tek over jobben.
– Han har svært god kontroll og har vore med festivalen i ei årrekke. Eg trur det blir utruleg bra og i sommar har vi kanskje det beste programmet vi har hatt. Vi går mot ein kjempefestival i 2023, seier Kleppe.
– Det kriblar litt
Sårheim som no tek over ser ikkje lett på utfordringa, men seier han gler seg til jobben. Sjefsjobben er ei 40 prosent stilling. I tillegg til festivaljobben skal han drive sitt nystarta selskap Reedesign.
Han kjenner festivalen godt. Han var styremedlem frå 2000 til 2010, og han har jobba med it-løysingar, marknadsføring og sponsorar. Han har også vore med som frivillig i alle år.
– Eg skal vere i tett kontakt med Kleppe og bruke han til dei tinga eg ikkje har kontroll på. Det kriblar litt. Det er eit stort ansvar. Eg går til oppgåva med liv og lyst, seier Sårheim.
Å levere ein festival med høg kvalitet er eit av hovudmåla deira, seier han.
Ifølge den nye festivalsjefen hadde festivalen hadde nesten 20.000 tilskodarar innom i fjor og omsette for 13,5 millionar kroner same året.
Trur på publikumsrekord
Både den avtroppande, og den nye festivalsjefen er optimistiske for årets program.
– I år har vi nokre store namn frå USA. Blant anna Dale Watson og Josh Turner. Dei er store i countryverda. Så har vi også band som vi veit lagar stor og god stemning som Vassendgutane og Gunslingers, seier Sårheim.
Både Kleppe og Sårheim trur på publikumsrekord i sommar.
– I fjor hadde vi problemer med at det var dårleg vêr i festivalveka. Får vi fint vêr i år, så blir dette svært bra, seier han.

Sa opp jobben for å satse på eige selskap: – Det var no eller aldri
