Gå til sidens hovedinnhold

Vegar opna i Vik

Var stengde grunna fare for ras. No er dei opne.

– Vegen mellom Vik og Galden har vore stengd fram til no på grunn av rasfare. No er han opna igjen, seier Albert Sherington, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest (VTS Vest), til Firda søndag like etter klokka 09.00.

Han seier strekninga på rv. 13 blei stengd i går rundt klokka 20 grunna rasfare, men at den no er opna igjen etter ei ny vurdering.

Sherington seier det i ein kort periode var ope for gjennomkøyring rundt klokka 22.30 laurdag kveld og i dag tidleg, søndag klokka 07.00.

Også Fv. 5600 Arnafjord-Vikøyri, opna klokka 09.00, melder Vegrafikksentralen Vest på Twitter.

Kommentarer til denne saken