Uvêr i fjellet: Dette er status for fjellovergangane

DEL

Ekstremvêret Elsa er på veg. Det er venta høg vasstand på kysten og rufsete vêr i fjellet. Allereie søndag morgon var fleire fjellovergangar stengde.

Dette er stoda klokka 19.30:

Riksveg 7 over Hardangervidda er stengd.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd. Blir ny vurdering måndag klokka 10.00.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland er open.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er open.

Riksveg 15 over Strynefjellet er open.

E16 over Filefjell er open.

Fylkesveg 53 Tyin-Årdal er open, men kan bli stengd på kort varsel.

Klokka 12.19 melde Fjord1 at rute 1117 Askvoll-Værlandet får innstilt avgangen frå Askvoll klokka 22.05 og retur frå Værlandet klokka 23.05. Grunnen er høg vasstand.

Også ferja mellom Leirvåg og Sløvåg på fv. 57 innstiller ruta etter tur frå Sløvåg frå klokka 20.45.

Ser du noko i trafikken som vi burde vite om? Tips oss!

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags