Køyrde av E39 og krasja med Eikaasgalleriet

KOLLISJON: Det vart ein brå slutt på køyreturen til føraren av denne bilen.

KOLLISJON: Det vart ein brå slutt på køyreturen til føraren av denne bilen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: Politiet har oppretta sak mot bilføraren for brot på vegtrafikklova.

DEL

Tre bilførar har i løpet av natt til laurdag og i morgontimane laurdag ikkje greidd å halde køyretøyet sitt på vegen, melder politiet i Sogn og Fjordane.   

På E39 på Ålhus i Jølster mista føraren kontroll over bilen og køyrde rett inn i Eikaasgalleriet. Ein nær nabo fortel til Firda at dei ikkje høyrde samanstøyten då bilen trefte huset. Det var ikkje før dei stod opp laurdag morgon at dei såg kva som hadde hendt: Ein bilen stod på sida av eit knust vindauge.

Kunstgalleriet er eit murhus, og det var berre vindauget som knuste i samanstøyten. Seinare på laurdag vart ein rundballe plassert framfor vindauget.

HJULSPOR: Retninga på  hjulspora kan tyde på at bilen har komme frå nordaust.

HJULSPOR: Retninga på hjulspora kan tyde på at bilen har komme frå nordaust. Foto:

KNUST: Berre eit vindauge vart øydelagt i galleribygningen, som er oppført i mur.

KNUST: Berre eit vindauge vart øydelagt i galleribygningen, som er oppført i mur. Foto:

Bilen fekk tydelege skadar i fronten, men ifølgje politiet vart dei to personane i bilen ikkje skadde i samanstøyten. Det skal ikkje vere mistanke om promillekøyring, men politiet opplyser at det vert oppretta sak mot bilføraren for brot på vegtrafikklova.

Hjelpte til med rundballe

Arild Bruflot er bonde og bur ikkje langt unna Eikaasgalleriet på Ålhus. Då han heldt på i fjøset, vart han kontakta av ein mann han kjenner frå kommunen.

– Han trong hjelp til å finne noko som kunne dekke for vindauget, helst noko med litt vekt på. Og då «tager man hvad man haver». Eg køyrde ein rundballe ned til galleriet med traktoren min, og plasserte den framfor det knuste vindauget. 

Eikaasgalleriet er ei av samlingane til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Kunstmuseet er ei stifting, og har Sogn og Fjordane fylkeskommune, kommunane Førde, Jølster, Hornindal og Lærdal og kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane som stiftarar.

To bilar køyrde i grøfta

Politiet i Sogn og Fjordane kunne elles melde om to andre utforkøyringar same natt og morgon.

Ein bil køyrde laurdag morgon av vegen på Ålfotenfjellet i Bremanger. Det var ein person i bilen, og det er ikkje meldt om personskade, opplyser politiet. Naudetatane rykte ut, og føraren vart sjekka av helsepersonell. Kl. 12.20 melde politiet at bilen var henta av bilbergar, og at vegen igjen var open.

I Stryn, på fylkesveg 721 ved Sande i Loen, hamna ein bil i grøfta. Politipatruljen som rykte ut, rapporterte attende til operasjonssentralen i Florø at det var glatt på staden.
Ifølgje politiet vart ingen personar skadde i uhellet, og det er ikkje mistanke om promille.

Artikkeltags