To bilar utfor vegen på riksveg 5

UTFOR: To bilar køyrde av vegen på riksveg 5 mellom Jølster og Sogndal laurdag.

UTFOR: To bilar køyrde av vegen på riksveg 5 mellom Jølster og Sogndal laurdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKK: – Det er veldig glatt. Vi har møtt to bilar i grøfta i Sogndalsdalen.

DEL

Mathias Årdal er på veg til Sogndal frå Jølster på riksveg 5.

– Det er veldig glatt. Vi har passert to bilar i Sogndalsdalen som har køyrt utfor vegen. Den eine bilen ser ut som den har sklidd av vegen og ut i snøen, seier Årdal.

Venta på berging

Den eine bilen fekk hjelp av bergingsbil då Årdal køyrde forbi like før klokka 12.

– Den andre bilisten sa den venta på berging og at det skulle ta ein halvtime.

På veg frå Jølster har Årdal møtt tre brøytebilar på veg mot Skei.

Ifølge Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen er det -1 grad ved Frudalen.

– Det er snødekke. Heilt oppe ser det ut til å vere kaldt, men lenger nede er det gjerne mildare. Då kan det fort vere glatt, seier Erikstad.

Meldt om vanskelege køyreforhold fleire stadar

Trafikkoperatøren har fått meldingar om vanskelege køyreforhold fleire stadar laurdag morgon og føremiddag.

– Spesielt i ytre, mellom Svelgen og Isane, har det vore mykje slaps. Og mellom Fodnes og Øvre Årdal, seier Erikstad.

I morgontimane kom det meldingar frå Hyllestad og Dale og innover på fylkesveg 57.

– Det har vore snø og slaps.

Tidlegare laurdag blei det meldt om at ein bil køyrde av vegen på riksveg 55: Bil med vaksen og to born havna i grøfta

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags