Politiet varslar om full storm og orkan

Blått og vått - slik ser vêrvarselet ut for helga.

Blått og vått - slik ser vêrvarselet ut for helga.

Artikkelen er over 5 år gammel

Hovudredningssentralen ber folk ta høgde for at det kjem ekstremvêr.

DEL

Torsdag klokka 12.00 gjekk politiet i Sogn og Fjordane ut med melding på sine sider om at Hovudredningssentralen melder full storm og opp mot orkan frå sør for Bergen til Nordmøre fredag. Det er venta bølgehøgder opp mot 10–12 meter.

– Det er meldt om ekstraordinært vêr, det er derfor vi har lagt ut dette varselet, seier Wenke Hope i Sogn og Fjordane politidistrikt.

– No et varselet lagt ut, så er det opp til kvar enkelt å vurdere med tanke på lause gjenstander og reiseaktivitet, legg ho til.

Ikkje helga for båtliv

– Vi har fått melding om ekstremvarsel for heile Vestlandet, faktisk heilt frå Vest-Agder og heilt opp mot Møre og Romsdal. Det må folk ta høgde for og følge med på vêrvarslinga, seier redningsleiar Cecilie Øversveen ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge til Firda.

– Dette er ikkje helga for å legge ut i mindre båt langs kysten, fastslår ho.

Sjekk båtar og lause ting

Det er ikkje heilt sikkert korleis vêret som kjem vil komme inn mot Vestlandet, men det er meldt om full storm og opp mot orkan i kasta både fredag og laurdag. Søndag er det venta at det vil roe seg noko.

Øversveen rår folk til å sørge for at båtar er godt fortøydde og få orden på eventuelle lause gjenstandar dei har liggande.

Stenging og glatt veg

Når det gjeld vegane i fylket opplyser Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal torsdag klokka halv to at det førebels er stort sett gode tilhøve.

– Men Vikafjellet er stengt, og det vert ikkje opna i dag. Elles er einaste meldinga vi har fått om at det er glatt over Utvikfjellet. Der er det anbefalt for store køyretøy å bruke kjetting, seier Stadheim.

Artikkeltags