Vogntog stengde riksveg 5 i ein time

Dette vogntoget skapar problem på riksveg 5.

Dette vogntoget skapar problem på riksveg 5. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SOGNDAL: Vegen mellom Jølster og Sogndal er stengt.

DEL

SISTE: Klokka 18.58 melder vetrafikksentralen at riksveg 5 er opna att ved Selseng. Dermed er det igjen fri ferdsel mellom Sogndal og Jøster på riksveg 5.

Like over klokka 18.00 melder vegtrafikksentralen at riksveg 5 i Sogndalsdalen er stengt for alle køyretøy.

Vogntoget skal først ha prøvd seg opp bakken mot Frudalstunnelen, men ikkje komme seg opp. Han har deretter lagt på kjettingar og prøvd seg på nytt, utan hell.

– Eit utanlandsk vogntog står i vegbana i den siste bakken opp mot Frudalstunnelen, og vegen er stengd for større køyretøy, seier trafikkoperatør Ketil Molvær ved Statens vegvesens vegtrafikksentral vest like over klokka 16.

Ifølge Molvær er det glatt på staden, og det utanlandske vogntoget var ikkje skott etter tilhøva.

– Sjåføren seier han vil ordne opp sjølv, og driv no og legg på kjettingar. Vi håper har kjem seg vidare ganske snart, avsluttar Molvær.

Artikkeltags