Stengjer fjellovergang grunna fare for ras

Artikkelen er over 2 år gammel

VIK: Vikafjellet er stengt grunna rasfare, og vert ikkje opna før tidlegast sundag.

DEL

Mykje snø kombinert med sterk vind gjer at Statens vegvesen fredag stengde riksveg 13 over Vikafjellet grunna fare for ras.

Ein geolog skal vurdere rasfaren sundag føremiddag, slik at fjellovergangen tidlegast vert opna sundag.

Det vart òg innført kolonnekøyring for alle køyrety på fylkesveg 7 over Hardangervidda, men Vegtrafikksentralen Vest melder laurdag like før klokka 15.30 at rv. 7 no er opna att for fri ferdsel.

Samstundes er det vegar som vert opna att laurdag. Vegtrafikkmeldingssentralen melder like før klokka 14 laurdag at fv. 53 Tyin–Årdal er opna for trafikk etter uvêr og opprydningsarbeid.

Her kan du sjekke oppdaterte vegmeldingar for Sogn og Fjordane.

Artikkeltags