Stengjer vegen i to timar for å rekonstruere ulukka

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKKULUKKE: Onsdag vert riksveg 5 mellom Naustdal og Førde periodevis stengd mellom klokka 09:30 og 11:30

DEL

I samband med at politiet skal rekonstruere ulukka 30. mai der to bilar kolliderte på riksveg 5 ved Erdalen, vil vegen bli stengd i periodar onsdag 21. juni mellom klokka 09:30 og 11:30.

– For å unngå lange køar vil vi oppmode dei vegfarande om å passere staden før rekonstruksjonen startar, eller vente til etter at den er ferdig, seier politioverbetjent Stine Marie Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Ifølgje Vårdal vil det bli styrt trafikkavvikling medan rekonstruksjonen går føre seg, men dei vegfarande må bu seg på at vegen er stengd.

LEIAR ETTERFORSKINGA: Stine Marie Vårdal er politioverbetjent og etterforskingsleiar ved Naustdal og Førde lensmannskontor. (Arkivbilete.)

LEIAR ETTERFORSKINGA: Stine Marie Vårdal er politioverbetjent og etterforskingsleiar ved Naustdal og Førde lensmannskontor. (Arkivbilete.) Foto:

Artikkeltags