Gudvangatunnelen stengt grunna bilberging

Bil fekk motorstopp, men er no henta ut av tunnelen.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melder laurdag klokka 15.30 at E16 Gudvangatunnelen i Aurland kommune er stengt grunna bilberging.

Årsaka til stenginga var at ein bil fekk motorstopp om lag 1500 meter inne i tunnelen frå Flåm-sida, får Firda meldt klokka 16.00.

Bilbergar har henta ut bilen, og vegen er no open.

Artikkeltags