Gå til sidens hovedinnhold

Vedvik sprang sin nest beste 5000 meter fredag – og Øygard sette ny krinsrekord

Langdistanseløparen Marius Vedvik frå Førde kom i mål på tida 13.36 på Bislett i går.

– Dette er min nest beste 5000 meter i karrieren, skriv Vedvik på Twitter.

Eivind Øygard frå Jølster kom i mål like bak, på tida 13.37. Dette er ny krinsrekord. Det var også Øygard som hadde den gamle krinsrekorden, men fredagens løp var så godt at den vart forbetra med heile ni sekund.

Det var Henrik Ingebrigtsen som vann på tida 13,16, to hundredelar føre Narve Gilje Nordås.

Kommentarer til denne saken