Vedum vil granske beredskapen etter viruskrisa

GRANSKING: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil ha ein gjennomgang av beredskapen.

GRANSKING: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil ha ein gjennomgang av beredskapen. Foto:

Av
DEL

Norge var sårbart då koronaviruset trefte landet, meiner leiar Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet. No vil han gjennomgå den samla beredskapen.

– Så snart denne krisa roar seg, må vi gå gjennom situasjonen og sikre at totalberedskapen er på plass dersom vi blir ramma på nytt, seier Vedum til VG.

Han meiner det hastar å få svar på om Noreg har nok mat i tilfelle ei internasjonal krise, om det finst livsviktige legemiddel og utstyr, om det er nok sjukehussenger og om det finst planar for kriseproduksjon dersom nokre varer ikkje kan importerast.

Vedums forslag om ein kommisjon for å gjennomgå totalforsvaret av Noreg vart stemd ned for to år sidan. No vil Sp-leiaren foreslå det på nytt, skriv VG.

(©NPK)

Artikkeltags