Finansminister Trygve Slagsvold Vedum meiner folk flest vil merke at landet er på ein ny kurs. Han hevdar to av tre får mindre i skatt med det nye budsjettet.

– Regjeringa har hatt tre veker på seg til å utarbeide eit nytt utkast til statsbudsjett. Eg meiner vi har brukt tida godt. Med skattegrepa vi tek i dette budsjettet, vil folk merke at landet er på ein ny kurs. To av tre får mindre i skatt. 20 prosent får uendra skatt. Og dei 13 prosent med sterkast rygg får ein skatteauke, seier Vedum frå talarstolen på Stortinget.

Han peikar òg på at alle får kutt i avgifter samanlikna med forslaget frå Høgre, KrF og Venstre.

Han viser spesielt til elavgifta, som blir teken ned med nesten tre milliardar kroner i året.

– I forhold til forslaget frå Solberg-regjeringa kuttar vi avgiftene med 2,3 milliardar kroner, seier Vedum.

Framsnakk oljenæringa

Sp-leiaren peikar på at regjeringa vil føre ein offensiv og rettferdig klimapolitikk, der målet er å hindre at dei som har minst, ber den tyngste børa.

– Dersom vi skal klare å løyse klimakrisa, må vi ha folk med oss, ikkje mot oss, seier Vedum.

Han seier regjeringa vil auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp til 2.000 kroner i 2030, men reduserer samtidig vegbruksavgiftene slik at pumpeprisen blir 30 øre lågare enn i forslaget frå Solberg-regjeringa.

Samtidig understrekar han i finanstalen sin kor viktig oljenæringa er.

– Oljeeventyret har gitt Noreg unike moglegheiter. Det er Oljefondet eit bevis på. Ikkje berre veks fondet fordi folka i Noregs Bank gjer ein god jobb med å forvalte pengane, det veks fordi det blir tilført friske pengar frå ressursane på norsk sokkel. I 2022 blir anslått inntektene til staten frå oljenæringa til 277 milliardar kroner, seier Vedum.

– Må vere varsam

Sjølv om oljeinntektene er solide, understrekar Vedum at det er viktig å vise måtehald i budsjetta framover.

– Noregs Bank har varsla at tida med rekordlåge renter går mot slutten. Vi må vere varsame med å bruke meir oljepengar, for det kan føre til at renteoppgangen blir brattare, seier Vedum.

Han seier regjeringa vil redusere offentleg pengebruk mellom anna gjennom å minske bruken av konsulenttenester.

– Vi må ta pengane frå det som ikkje er så fornuftig og bruke dei der det trengst, seier Vedum, og seier regjeringa òg vil dempe «lønnsfesten» i det øvste sjiktet i offentleg sektor.

– Offentleg sektor skal ikkje auke forskjellane geografisk og sosialt – han skal redusere dei, seier finansministeren.

(©NPK)