Gå til sidens hovedinnhold

Vedum fossar fram på ny statsministermåling

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum går fram 12,5 prosentpoeng i den første statsministermålinga etter at han i helga vart utropt til Sps statsministerkandidat.

I alt trur no 20,2 prosent av dei spurde i målinga Kantar har laga for TV 2 , at Vedum blir statsminister etter valet i haust.

Framleis trur flest – 49,3 prosent – at Ap-leiar Jonas Gahr Støre blir statsminister etter valet. Det er likevel 11 prosentpoeng lågare enn ved målinga for ei veke sidan.

28,8 prosent trur at Erna Solberg (H) får halde fram som statsminister.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken