I den opphavlege planen skulle det nye bygget vere på berre tre etasjar. Dei ekstra fem etasjane skal huse alle sengeavdelingane på sjukehuset (fire av dei ekstra etasjane), samt at øvste etasje skal setjast av til kontorareal.
Dette gjev store føremoner i sjølve byggeprosessen, ved at ein slepp mange provisoriske og mellombelse løysingar, samt ein får nytta eksisterande infrastruktur i det eksisterande bygget betre enn det som opphavleg var planen.
Det nye bygget vil binde saman Svanabygget (det eldste bygget på sjukehuset) med Dagabygget (nybygget som no blir reist for psykisk helsevern).

Les også
Her manglar Åsen & Øvrelid 40 prosent av arbeidarane

Les også
Sentralsjukehuset har flytta kreftsengeposten for å ta imot korona-sjuke: – Mindre kritiske operasjonar må vente

Les også