Jan Tore Gravdal i Gravdal skog og hageservice kan fortelje om auka etterspørsel etter ved no som hausten har kome til Sunnfjord.

– Salet går bra. I fjor var vi tomme i midten av desember, og eg trur ikkje lageret held noko lenger i år. Det kan godt hende vi er tomme i november.

Gravdal seier at vedsalet har forandra seg.

– Før var vedfyring som hovudvarmekjelde mykje vanlegare. Etter at varmepumper blei vanlegare, så har salet gått ned og folk kjøpte ofte ved berre for å kunne kosefyre i peisen. No merkar eg at det har blitt meir som det var før i tida.

Mindre volum

For sjølv om salet har gått opp i det siste, er det totale volumet av produsert ved mindre enn før i tida:

– Før kunne vi produsere 500 pallar. No har vi 200 pallar. Vi har likevel produsert litt meir enn i fjor, men det er og litt avhengig av kor mykje trevirke vi får inn. Dette er ei bigeskjeft og vi brukar materiale som vi blant anna tek ut i samband med andre jobbar. Vi går ikkje på vedskogen slik som før.

Gravdal merkar at folk er tidlegare ute. I alle fall dei som er flinke til å planlegge.

– Før hadde vi ved til langt utpå vinteren. Om du ringde i januar–februar, så fekk du mest sannsynleg tak i ved. Det går ikkje lenger. Dei fleste ringer når det blir kaldt, men då kan det vere for seint.

Vekke på nokre dagar

Arnt Ole Ramsdal i Naustdal kan bekrefte det same.

– Eg la ut 200 sekkar på 60 liter. Det var vekke på nokre dagar. I tillegg har det vore ein dårleg tørkesommar, så det er ikkje alt som er klart for sal.