Gå til sidens hovedinnhold

Vedlikehald i Naustdalstunnelen – Kan bli stengd inntil 3,5 time

Fram til fredag 29. oktober blir det vedlikehaldsarbeid i Naustdalstunnelen på Rv. 5.

Som følge av dette kan vegen bli stengd i periodar på inntil tre timar og 30 minutt.

Måndag til onsdag føregår arbeidet frå klokka 18.00 til 08.00 neste dag. Torsdag føregår det frå klokka 18.00 til 05.30 neste dag.

Frå klokka 18.00 til 20.00 blir det inntil 30 minutt venting. Frå klokka 20.00 til 23.00 blir det inntil 60 minutt venting.

Mellom klokka 23.00 og 05.30 vert tunnelen stengd, med gjennomkøyring klokka 02.00.

Kommentarer til denne saken