Torsdag ettermiddag sende Sunnfjord kommune ut varsel om at det er forbode å vatne. Forbodet har augeblikkeleg verknad. Forbodet gjeld berre abonnentane til Førde vassverk. Kommunen opplyser at vatning frå kanne er lov.

Også Gloppen kommune set restriksjonar på hagevatning etter stort vassforbruk på ettermiddag og kveld. Kommunen ber alle, som høyrer til Sandane vassverk, om å avgrense vatninga til eit minimum i dette tidsrommet.

Abonnentane på endeleidning mistar heilt, eller delvis, vassforsyninga som følge av dette.

Forbodet råkar alle innbyggarane frå Anda og rundt fjorden til Ryggaelva, unntatt Føleide og Fjellbygda, og inntil vassenden på Breimsvatnet. Restriksjonane i Gloppen gjeld fram til vêrforholda endrar seg.

I Høyanger kommune har dei vatningsforbod for abonnentane til Kyrkjebø vassverk, som bur langs strekninga frå Nordeide via Kyrkjebø til Tronvik. Det er totalt vatningsforbod. På fredag kjem dei til å vurdere å opne for at folk kan vatne annankvar dag.

Verken Askvoll, Hyllestad, Kinn, eller Fjaler kommune opplyser om vatningsforbod på sine heimesider.

Firda oppdaterer saka fortløpande.