Gå til sidens hovedinnhold

Vasslekkasje i Bulandet

Tysdag kveld mista ein del av innbyggarane i Bulandet vatnet.

– Vi sende ut melding til abonnentane klokka halv ni tysdag kveld. I Bulandet går vatnet i fem ulike linjer. Det var på linja til Hillesøy det var problem, seier teknisk sjef i Askvoll, Per Jan Ryland.

Det vart med ein gong sett i gang arbeid med å finne feilen.

– No i føremiddag har alle abonnentane, med eitt unnatak, fått igjen vatnet. Men vi vil halde fram arbeidet med utbetring utover dagen, seier Ryland.

Han reknar med at dei vil ha full oversikt i løpet av dagen.

– Det er ein del utfordringar i området. Mellom anna er det mykje sjøkablar, og når det er frost så er området i fjøresteinane ei utfordring. Det var rett nok ikkje der problemet låg denne gongen, men vi tek ei runde når vi først er der, seier Ryland.

Kommentarer til denne saken