Oda Helene (16) blei norgesmeister på berre sju månadar

FERSK, MEN GOD: Oda Helene Sunde Svendsen (16) vann nyleg NM i vektløfting, etter berre sju månadar trening.

FERSK, MEN GOD: Oda Helene Sunde Svendsen (16) vann nyleg NM i vektløfting, etter berre sju månadar trening. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

JØLSTER: Eigentleg ville ho berre trene, men så kom resultata så fort.

DEL

Nyleg var Oda Helene Sunde Svendsen NM-debutant i vektløfting. Ikkje nok med det, ho vann gull. Dette berre sju månader etter hennar første møte med vektløfting.

– Eigentleg ønskte eg berre å trene, men så kom resultata så fort og eg fekk tilbodet om å konkurrere. Så her er vi, sju månader seinare, seier den ferske norgesmeisteren med ein latter.

Brenn for vektløfting

Oda Helene har tidlegare drive med alpint og fotball, men i ein alder av 16 år har ho allereie lagt slalåmskia og fotballskoa på hylla. No er det vektløfting som gjeld – ein sport ho verkeleg brenn for.

– Resultata kom fortare og lettare med vektløfting, noko eg synest er kjempekjekt og ikkje minst motiverande.

Ein annan motivasjonsfaktor er naboklubben Tambarskjelvar Vektløfting som klubben til Oda Helene, Jølster Vektløftarklubb, trenar regelmessig med. Spesielt kjekt syns ho det er å trene med gode vektløftarar som Sindre Rørstadbotten, noko som gjer treninga ekstra kjekk. Det får ho til å pushe seg ekstra.

På Jølster treningssenter finn du ho tre gonger i veka, der ho for det meste trenar rykk og støt, i tillegg til markløft og knebøy.

– Favorittøvinga mi er støt. Det er der i den eg løftar tyngst, noko eg synest er veldig kjekt.

MOTIVASJONSFAKTOR: Resultata kom fortare og lettare med vektløfting enn med tidlegare sportar.

MOTIVASJONSFAKTOR: Resultata kom fortare og lettare med vektløfting enn med tidlegare sportar. Foto:

Anten fysioterapeut eller arkitekt

I tillegg til å drive med vektløfting, går ho kunst, design og arkitektur-linja ved Hafstad vidaregåande skule. Å kombinere skule med vektløfting er ikkje noko problem.

– Det går eigentleg veldig fint! Treningane er lagt etter skuletid, og eg er ikkje mykje ute å reiser på grunn av sporten, så det er ikkje noko problem.

Etter vidaregåande vil ho anten bli fysioterapeut eller arkitekt – altså anten følge treninga eller skulegangen. Ikkje veit ho heilt enno kva ho vil bli, men vektløftinga har ho i alle fall ingen planar om å slutte med.

Meir gira enn nervøs

To veker før norgesmeisterskapen deltok ho på lokalt nivå på kretsmeisterskap i Naustdal. Før kretsmeisterskapen trente ho hardt og mykje, men før norgesmeisterskapen restituerte ho for det meste, noko ho meiner er minst like viktig som å trene. Likevel merka ikkje 16-åringen på nervane før ho vakna opp i Gjøvik, der meisterskapen tok plass.

– Eg var for det meste gira, men var litt nervøs då eg vakna dagen eg skulle løfte. Eg visste ikkje kvar eg skulle gjere av meg fordi eg var så gira, seier Oda Helene.

Det har vore stort å vinne to kretsmeisterskap, men det er den ferskaste tittelen som norgesmeister ho no er kry over.

– Det er veldig kjekt, og eg føler eg har blitt meir lagt merke til etter sigeren, men det har ikkje heilt gått opp for meg enno, seier Oda Helene.

NOREGSMEISTER: Oda Helene er einaste jenta i klubben. – Eg tenker ikkje på det på trening med gutane, seier ho.

NOREGSMEISTER: Oda Helene er einaste jenta i klubben. – Eg tenker ikkje på det på trening med gutane, seier ho. Foto:

Einaste jenta på trening

Sjølv er ho den einaste jenta på hennar alder som driv med vektløfting på Jølster. Likevel er ikkje det noko ho legg merke til når ho er på trening med gutane. Ho oppfordrar alle til å teste ut vektløfting, men håpar spesielt på eit par ekstra jenter på treningane vidare.

– Mange tenker kanskje at ein må vere best frå starten av, men det treng ein ikkje. Alle startar på sitt eige nivå, og det er kva du sjølv klarar som betyr noko. Det å starte med vektløfting er absolutt ingenting å vere redd for!

Artikkeltags