Vart skadd i ansiktet då hurtigbåten la til kai

Personen skal vere frakta til legevakt for kontroll.

DEL

Politiet er sendt til Askvoll ferjekai måndag etter melding om at ein person har fått mindre skader i ansiktet då hurtigbåten Frøya la til kai om lag klokka 10.45.

Det melder Vest politidistrikt på Twitter.

Den skadde personen er sendt til legevakt for kontroll.

På Norled sine heimesider vert det meldt at hurtigbåten no er innstilt, og dei oppgir grunnen til å vere tekniske problem.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken