UP frå Nordfjord-patruljen var tysdag på plass i Årdalen i Jølster, der dei hadde ein laserkontroll i 80-sona på E39.

Her vart éin førar stoppa for fart, etter at lasermålaren til politiet synte 89 kilometer i timen.

Sjåføren var ei kvinne i 60-åra frå Møre. Normalt sett ville ho «berre» ha fått ei fartsbot, og kunne køyrt vidare med litt slankare lommebok. Men då patruljen spurte etter førarkortet hennar vart ho svar skuldig.

Hadde ikkje lappen

– Ho hadde ikkje lov å køyre bil, for ho hadde ikkje lappen, seier UP-betjent Øyvind Magnus Solheim til Firda.

Han fortel at kvinna naturleg nok ikkje kunne køyre vidare. Ho vart også politimeld for forholdet.

– Ho og bilen måtte stå att, og ho måtte få nokon til å komme og hente seg, seier Solheim.

Kvinna var elles den einaste som vart stoppa i dei to timane patruljen stod i Årdalen. UP-betjenten var nøgd med at det var såpass få fartsbrot denne ettermiddagen. At dei også fekk avdekt meir, ser han også som positivt:

– Det er jo ikkje lov å køyre utan gyldig førarkort, så når det skjer er det bra at ein blir stoppa og bøtelagt. Så får ein avdekt dei som køyrer ulovleg, seier Solheim.

Tre bøter i Vadheim

Kontrollen i Jølster var elles ikkje den einaste fartskontrollen som UP hadde denne måndagen. Kollegaene i Sunnfjord-patruljen var også på ute på vegane, og stilte seg måndag opp på E39 gjennom Vadheim.

Her vart tre førarar tekne for fart, og kvar av desse tre fekk eit forenkla førelegg.