I dag skal det gjennomførast ei øving i Pågåande livstruande vald på Gloppen Ungdomsskule. Øvinga startar klokka 17.00, og skal vere ferdig klokka 21.00.

Både politi, helse og brann skal øve, og heile ungdomsskulen vil bli brukt i øvinga.

Dette vil medføre ein del utrykkingskøyretøy i området, og det vil bli synleg væpna politi i og rundt skulen.