Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel på grunn av snøfall i fjellet måndag kveld. Snøen er venta over 800 meter.
– Mest nedbør er venta i vestlege fjelltrakter, skriv dei i farevarselet.
Vegtrafikksentralen har ikkje fått meldingar om glatte vegar måndag føremiddag, men forventar at det kan bli glatt ut over måndag kveld og natt til tysdag.
– Det er meldt om at temperaturen skal falle frå klokka 12 måndag og utover, og temperaturen kan nærme seg null seint i kveld og natt, seier Ketil Molvær i Statens vegvesen.
Molvær seier du ikkje bør utsette køyringa om du skal over fjellet.
– Dei som har sommardekk bør komme seg over fjellovergangane i løpet av ettermiddagen, og skal du over seint i kveld eller natt bør ein vurdere vinterdekk, seier Molvær.