Gå til sidens hovedinnhold

Varslar fare for jord-, sørpe- og flaumskred

Artikkelen er over 1 år gammel

Sterk snøsmelting i helga fører til auka skredfare i store deler av Sør-Norge, melder NVE.

«Relativt høge temperaturer fører til stor snøsmelting, også i høgfjellet. Vannmetningsgraden i bakken aukar i takt med snøsmeltinga. Dette gjev aukande fare for sørpeskred, jord- og flaumskred langs bekkar og i skråningar der snøen smeltar.

Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett. Fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 50 cm snø. Snøen er stadvis vassmetta. Sørpeskred kan bli løyst ut i relativt slake hellingar der vatn blir samla opp. Skreda kjem ofte ned forsenkningar og bekkeløp og kan då utvikle seg til flaumskred.», skriv nettstaden Varsom.no.

Kommentarer til denne saken