Gå til sidens hovedinnhold

Varmaste november på 120 år

Temperaturane i november var over gjennomsnittet, ifølgje Meteorologisk institutt. Ikkje sidan 1900 har det vore varmare i november i Noreg.

Rett nok må novembermånaden i år dele førsteplassen med den nest siste månaden i 2011. November 2020 førte likevel til at fleire stader fekk den varmaste novembermånaden på over 150 år.

På Torungen fyr ved Arendal, på Lista i Agder og på Utsira i Rogaland har det aldri vore varmare i november sidan målingane starta i 1867, skriv NRK.

Mot normalt

Også fleire andre stader i landet – både høgt og lågt – ville nok Leif Juster i si tid sagt at temperaturane var «mot normalt».

1.894 meter over havet, på Juvasshø i Innlandet, viser målingane eit gjennomsnitt på minus 3,9 grader. Det er 4,5 grader varmare enn det som er normalen på den høgastliggjande målestasjonen til Meteorologisk institutt.

Heller ikkje på Finnmarksvidda har kong vinter vist seg frå si kjøligaste side. Ifølgje Meteorologisk institutt låg gjennomsnittstemperaturen i november seks til sju grader over det som er normalen her.

Passerte 18 grader

Den varmaste staden i november var Tafjord på Sunnmøre, som med 18,1 plussgrader (16. november) vart den varmaste staden i landet denne månaden.

Ikkje berre har november vore av det milde slaget, han har òg vore våtare enn normalt. Berre åtte gonger før har det komme meir nedbør.

– Det har vore høgare trykk over Mellom-Europa og lågare trykk ved Island enn normalt. Ei slik trykkfordeling gir milde og våte forhold i Noreg, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken