(Nettavisen) – Vi har fått veldig bra respons, så no gjer vi gjenbruksbonusen permanent, seier miljøsjef i Coop, Knut Lutnæs, til Nettavisen.

Coop delte i ei førre månad ut ein kupong med eit nytt, gratis handlenett til alle Coop-medlemmer. Samtidig innførte matkonsernet ein midlertidig gjenbruksbonus på ei krone kvar gang du brukte nettet. Målet var å sørga for at handlenettet ikkje blir liggjande heime, men blei brukt i staden for plastposar.

Sofia frå Nord-Sverige vart senterleiar på Mastrevik torg 

Færre plastposar

Ordninga har vorte ein stor suksess. 450.000 medlemmer har skaffa seg handlenettet og gjenbruksbonusen er til no blitt registrert 375.000 gonger.

– Målet med gjenbruksbonusen er å gje eit alternativ til plastposen. Det skjer og det er morosamt. Vi har treft bra med dette, seier Lutnæs.

Slik vil dei bygga ny skysstasjon i Knarvik 

Han seier at samtidig har talet på selde plastposar falt kraftig. 

– Så langt i september har vi ein sju prosents nedgang i selde plastposar. Det utgjer ein halv million plastposar, seier Lutnæs, som understrekar at satsinga ikkje akkurat er gratis for Coop.

– Det kostar pengar, men det er ein kostnad vi er villig til å ta, dersom vi skal hjelpa kundane med å redusera plastforbruket. Vi har forplikta oss til ein 20 prosents reduksjon i bruk av plastposar, og vi er godt på veg dit no, seier Lutnæs.

Alle dei tre store daglegvarekjedene i Norge kom med nyvinningar knytt til posane dei tilbyr kundane. Både Kiwi og Coop-kjedene innførte papirposar frå 1. mai, og Kiwi har og planar om å kutta plasten i frukt- og grøntavdelinga med 200 tonn innan 2020.

Rema 1000 lanserte på si side ein heilt ny berepose av 80 prosent attvunne plast tidlegare i år og la fram ein plan for å kutta 304 tonn plast.

– Vi ser at fleire av kjedene lanserer tiltak for å få ned plastforbruket. Dette handlar ikkje berre om posar, men også å kutte ned emballasje alle stader kor det er nødvendig, uttalte Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet, tidlegare i år til Nettavisen.

Skruen Mastrevik får ny eigar