Opnar ny dyrebutikk

Kun kontantar: Dyrebutikken held ope i eit mellombels butikklokale medan det vert pussa opp for nyopning

Kun kontantar: Dyrebutikken held ope i eit mellombels butikklokale medan det vert pussa opp for nyopning Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Nye eigarar jobbar på spreng med å opne dyrebutikken att, etter ein konkurs

DEL

 Zoo Senteret ved Handelshuset Førde slo seg sjølv konkurs for tre veker sidan. No jobbar nye eigarar og Zoo-1 kjeda på spreng med å få ein ny og betre dyrebutikk på plass. Senterleiinga ved Handelshuset var raske med å finne ei løysing.

– Vi har fått inn nye eigarar som har starta opp ein mellombels butikk knappe 10 meter unna medan dei pussar opp det gamle lokalet, seier senterleiar Mariann Njøsen.

Geir Inge Gudem jobbar i butikken og forsikrar lesarane om at dyra har det bra.

Kontant betaling

– Her vi er no er det ikkje lov å ha dyr. Dei har blitt sendt opp til butikken i Ålesund. Dyra i Førde må framleis ha mat, så vi held butikken open. Men vi har ikkje fått opp betalingsterminalane endå, så alt må betalast kontant, seier Gudem.

Meiner det er god butikk

Ved spørsmål om kva som er årsaka til konkursen seier bustyrar Roar Berge følgande:

– Det er for tidleg å seie noko meir enn at eigaren ikkje har lukkast i å skape overskot.

Ei veke tidlegare slo eigar av Zoo Senteret Arnstein Breiteig også dyrebutikken han eigde på Molde konkurs. Firda har forsøkt å kontakte han for å få ein kommentar, utan å lukkast. Senterleiar Mariann Njøsen meiner at det er god butikk å drive dyrebutikk, og at dei hadde fleire interesserte som ville ta over.

Senterleiar Njøsen veit ikkje heilt enda når den nye butikken vil stå klar.

– Eg veit ikkje kva konkrete planar dei har, men eg har sett bilde av butikken i Ålesund og den ser kjempeflott ut, seier ho.

Den nye eigaren Eva Asbjørnsen held til i Ålesund, men ho vil ikkje uttale seg om planane for renoveringa, då ikkje alle formalitetane er på plass. Dagleg leiar i Zoo-1 gruppa, Jon Arild Brudeskar, meiner at kundane har mykje å sjå fram til.

– Butikken vert totalrenovert og gjort om til ein ny flott butikk. Det er berre å glede seg, og de kan ha store forventningar, seier Brudeskar.

NØKKELTAL

Zoo Senteret Førde AS 2013 2014
Omsetnad32653763
Driftsresultat- 314- 336
Resultat før skatt- 340-369
Eigenkapital- 205 132

Alle tal i 1000 kroner              Kjelde: PROFF

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken