Gå til sidens hovedinnhold

Varebil stod fast på glatta på E39 i Nordfjordeid

Klokka 09:15 rykka politiet ut til Lotetunnelen på E39 på Nordfjordeid etter melding om ein varebil som stod fast og ikkje kom seg vidare.

Vrebilen stod fast slik at den sperra begge køyrefelt. Det snødde og var glatt, melde politipatruljen på staden.

Bilen klarte å komme seg eit stykke vidare, og det blei opna for manuell dirigering på staden rett før klokka 10.

Klokka 10:30 var bilen fjerna.

Kommentarer til denne saken