Varebil køyrde i autovernet

Politiet mistenker at mannen i 30-åra har sovna bak rattet.

DEL

Klokka 10.44 melde Vest politidistrikt at ein varebil har køyrt i autovernet på riksveg 15 i Nordfjordeidvegen ved Haugen. Alle naudetatane rykte ut.

Det er tre personar som er involvert i ulykka. Alle skal vere bevisste.

– Alle involverte får tilsyn av ambulanse på staden. Dei har fått overfladiske kuttskader, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Det er store materielle skader på bilen og bilen stenger vegen i begge retningar.

– Bilbergar er på veg, men det kan vere stengt ei stund. Det har danna seg litt kø og det er heller ingen omkøyringsmoglegheiter slik eg ser det, seier Knappen.

Klokka 11.33 melder vegtrafikksentralen at vegen er opna att.

Førar av varebilen var ein mann i 30-åra. Knappen fortel at dei har tatt frå han førarkortet.

– Vi mistenker at personen har sovna bak rattet.

Artikkeltags