Skiftande vêr i vente til helga

FREDAG: På fredag kan det verte enkelte sluddbyer eller snøbyer, men frå ettermiddagen blir det skya og stort sett opphaldsvêr på kvelden. Temperaturen vil brått synke i løpet av natta. Laurdag vert heldigvis litt tørrare.

FREDAG: På fredag kan det verte enkelte sluddbyer eller snøbyer, men frå ettermiddagen blir det skya og stort sett opphaldsvêr på kvelden. Temperaturen vil brått synke i løpet av natta. Laurdag vert heldigvis litt tørrare. Foto:

VÊR: Skiftande temperatur og nedbør vil prege helga, men det er truleg ein dag som vil verte tørr.

DEL

På fredag kan det verte enkelte sluddbyer eller snøbyer, men frå ettermiddagen blir det skya og stort sett opphaldsvêr på kvelden. Temperaturen vil brått synke i løpet av natta. Laurdag vert heldigvis litt tørrare.

Tørrare laurdag

– Laurdag startar med opphaldsvêr. Ein nedbørsfront nærmar seg inn mot vest på ettermiddagen, men det kjem ikkje til å bli mykje regn. Så på laurdag er det stort sett opphald, før det går over til regn natt til søndag. Det er ein liten fare for at det kan komme litt regn i ytre strøk på ettermiddagen, seier meteorolog Gunnar Livik.

Det vert regn på søndag, medan det frå kvelden av vil gå det over til bygevêr og då kan det komme sludd og snøbyer igjen.

Mildt og nedbør: – Ikkje uvanleg

Meteorologen seier at samanlikna med vinteren i fjor, har det i år vore veldig mildt og ein del nedbør.

– Det er ikkje heilt uvanleg. Det er eit høgtrykk som ligg like vest for Frankrike som tek for seg lågtrykka frå nord. Når lågtrykket nærmar seg Vestlandet, så vert det mildt og fuktig luft. Men når lågtrykket har bevegd seg øst for Skandinavia så vert det dregen ned av den nordlege luftmassen, med til dels sludd og snøbyer. Slik held vêret fram til neste lågtrykk kjem. Difor har det vore ein så ustabil vinter så langt, forklarar Livik.

Artikkeltags