– Vi får håpe at regnet slår til

REGN I SIKTE: Oversiktskartet på yr.no viser at det kjem nedbør inn over Vestlandet på søndag.

REGN I SIKTE: Oversiktskartet på yr.no viser at det kjem nedbør inn over Vestlandet på søndag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Helga ser fin ut, og neste helg kan det komme ei ny bølge med ekstremvarme, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

DEL

Denne sommaren har vi blitt skjemt vekk med ekstremt fint og tørt vêr, men det kan ikkje vare evig. No er det fleire som kryssar fingrane sine for litt regn, men det ser førebels ikkje lyst ut.

– No er det jo, som du sikkert kan sjå, veldig flott. Laurdag kan det bli litt meir skyer utover dagen, og det er moglegheit for litt nedbør i ytre strøk, men ikkje noko som vil utgjere ein forskjell på tørken, fortel statsmeteorolog Frode Hassel ved Vêrvarslinga på vestlandet.

Søndag vil det likevel skye enno litt meir til og vinden aukar på.

– Det blir vind frå sør, denne kjem nok opp i frisk bris og kan komme opp i liten kuling ved stadt. I tillegg ser eg at eit nedbørsområde er på veg inn. Det vil nok komme omkring 3–4 mm nedbør i ytre, som ved Florø, og så blir det mindre regn innover i landet. Søndag kveld løyer vinden, og då kan det vere at det vil legge seg lokal tåke, seier Hassel.

Vi får regn

Måndag tek det seg opp att med fint vêr.

– Måndag får vi ein liten pause, med finvêr igjen, før det slår om att tysdag, fortel Hassel.

Tysdag og natt til onsdag får vi smake litt på det etterlengta regnet.

– Vi snakkar ein sju til 10 mm kanskje. Det er betre enn ingenting viss det slår til. Då vil det regne så og sei heile dagen tysdag og fram til morgontimane onsdag.

Foto:

Sydenvarmen kjem att neste helg

Foreløpig ser det ut som at nedbøren som er meldt midt i veka er det einaste vi får.

– Etter regnet tysdag og onsdag ser det tørt ut igjen. Vindretninga vil skifte om neste veke, noko som gjer til at temperaturen aukar ein del. I byrjinga av veka ser vinden ut til å komme frå vest og sørvest, men etter onsdag vil temperaturane stige. Inn i neste helg ser det ut som det kan bli riktig så heitt, med opp til 30 varmegrader på det meste, avsluttar Hassel.

Artikkeltags