Fleire stengde fjellovergangar

STENGT: På Vikafjellet er det stengt på grunn av snøras og fare for ras. Her på Rv. 13 ved Hestavollen laurdag morgon.

STENGT: På Vikafjellet er det stengt på grunn av snøras og fare for ras. Her på Rv. 13 ved Hestavollen laurdag morgon. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Nedbør som sludd og snø har ført til fleire stengde fjellovergangar laurdag morgon.

DEL

– På grunn av vekslane snødekke så har det blitt ein del stengde fjellovergangar. Det er meldt om rolegare forhold i dag, men om ein skal ut å køyre i dag bør ein først og fremst vere obs på veg- og føremeldingane. Elles må ein køyre forsiktig og til passe seg forholda, seier trafikkoperatør, Tine Fjelldavli, i Vegtrafikksentralen.

Status fjellovergangar kl. 10.24

  • E16 Filefjell: Kan bli kolonne på kort varsel.
  • Rv 13 Vikafjellet: Stengt. Ny vurdering sundag klokka 10.00.
  • Rv 15 Erdal strekninga Stryn-Lom: Stengt. Ny vurdering klokka laurdag 11.00.
  • Rv 15 Ospeli, strekninga Stryn-Lom: Kan bli stengt i periode på ein time på grunn av vegarbeid. Gjeld frå klokka 10.00 til 11.00.
  • Rv 15 Billingen bom-Ospeli på strekninga Strynefjellet: Stengt. Ny vurdering laurdag klokka 11.00.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring.
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Open.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Stengt.

Artikkeltags