Stormen stilnar – men no kjem det meir snø

SNØMENGD: På kartet indikerar fargane kor mykje snø det ligg i henhold til normalen.

SNØMENGD: På kartet indikerar fargane kor mykje snø det ligg i henhold til normalen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Det har vore registrert sterk storm i fjellet og full storm på kysten, men no skal det verste vere over.

DEL

– I kveld vil det vere ganske roleg, seier Geir Ottar Fagerli ved Meteorologisk institutt.

Natt til fredag vil det derimot komme ein god del snø, noko som kan gje vanskelege køyreforhold.

– Lokalt er det venta opp i ein 10–15 mm nedbør i fjellet og ytre strøk. I låglandet elles er det venta beskjedne mengder, men det kjem som snø så det kan nok bli glatt nokre stader, seier Fagerli.

Temperaturen vil ligge og vippe omkring nullpunktet på dagen fredag, og nedbøren vil gå over til regn i låglandet.

– Til helga vil det komme litt nedbør kvar dag, skiftande med snø og regn, men ikkje dei store mengdene, roar meteorologen.

Første del av vinteren starta med ein god del meir snø enn normalt.

– Utover vinteren minka nedbøren og no vil eg seie det er normale snømengder. I breheimen er det mindre snø enn vanleg no, seier Fagerli.

I ytre strøk ligg det derimot meir snø enn normalt.

– På stader der det gjerne plar vere berr mark akkurat no, ligg det i staden ein del snø. Det er ganske store lokale forskjellar på dette, seier Fagerli.

Artikkeltags