Sender ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane

VÅTT OG VINDFULLT: Det er sendt ut OBS-varsel på Vestlandet i dag.

VÅTT OG VINDFULLT: Det er sendt ut OBS-varsel på Vestlandet i dag. Foto:

VÊR: Onsdag blir det veldig vått og vindfullt, no er det sendt ut OBS-varsel.

DEL

Vervarslinga på Vestlandet har sendt ut OBS-varsel for onsdag ettermiddag og kveld. Det blir varsla om liten storm på kysten og i fjellet onsdag ettermiddag. I kveld går det over til liten til full storm med sterke vindkast innover land, estimert til 25/35 m/s, ifølge varselet.

Kan bli full storm

– Vi har ein veldig våt og vindfull dag i vente med sterk vind, konstaterer meteorolog i Storm Geo, Ina Ynnesdal til Firda.

Nedbørsfronten som er på veg innover Vestlandet, er over Hordaland og Rogaland no, og kjem til vårt fylke i løpet av dei neste timane. I samband med denne fronten vil vinden auke på.

– Det blir kuling og liten storm, kanskje full storm til kvelden, seier Ynnesdal. 

Det er stor rasfare fleire stader, og på varsom.no blir det meldt om «betydeleg fare».

Les også:  Fleire vegar stengt etter snøras- blir ikkje opna i dag

Temperaturane vil ligge på kring 5–6 grader, og i kveld kjem dei ned i 3–4. Nedbøren kjem som regn og sludd, men du skal ikkje langt opp i høgda før den kjem som snø, ifølge meteorologen.

Fredag greitt, men søndag blir ille

Torsdag morgon vil styggevêret roe seg:

– Det vil komme nokre byer med vind og regn, men det vil roe seg noko.

Store planar om å vere mykje ute i helga? I så fall bør du nytte fredagen. Det vil også komme nokre byer den dagen, men dei vil minke utover dagen.

Laurdag ettermiddag kjem ein ny front frå vest.

– Då får vi ei ny runde med sør, søraustleg vind, som legg seg over til vest på søndagen. Då får vi også nokre kraftige byer og litt høgre temperaturar. Så helga begynne ganske greitt, men endar ikkje noko særleg.

Ut på vegane? Pass på, åtvarar meteorologen

Utover i neste veke ser det ut til å bli veldig vekslande vêr, både med tanke på temperatur, nedbør og vind.

– Det blir mykje nedbør og kraftig vind nokre dagar, medan andre dagar får lettare vêr, seier meteorologen, som ber folk vere obs:

– Skal du ut på vegane bør du passe på. Det kan både vere vind og mykje nedbør, men det blir nok også glatt og isete. Dette er ein type vêr ein uansett må vere litt på vakt for, seier Ynnesdal. 

Artikkeltags