Fjellovergangar kan bli stengde på kort varsel

FRISKT: Hemsedalsfjellet onsdag morgon. Der er sterk vind i kasta.

FRISKT: Hemsedalsfjellet onsdag morgon. Der er sterk vind i kasta. Foto:

Hemsedalsfjellet kan få kolonnekøyring og Tyin – Årdal kan bli stengd på kort varsel på grunn av snø og vind på fjellet.

DEL

På Vikafjellet vart det innført kolonnekøyring tysdag kveld, men vegen vart opna for ordinær trafikk klokka 05.46 onsdag morgon, opplyser trafikkoperatør Nina Heggernes i Vegtrafikksentralen for Vestlandet.

Statens Vegvesen melder onsdag føremiddag at riksveg 13 Vikafjellet vert nattestengd frå onsdag kveld klokka 22.00 til torsdag klokka 10.00 på grunn av uvêr.

Kan bli kolonne på kort varsel

Ho melde då at rv. 52 Hemsedalsfjellet var ope, men at det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel. Det er meldt meir vind utover dagen. Vegvaktarane på fjellet rapporterte om sterk vind i kasta.

Fv. 53 Tyin – Årdal er også open, men kan bli stengd på kort varsel.

Opnar Hol – Aurland onsdag

Hardangervidda, rv. 7, er stengd for ordinær trafikk, men har kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn.

Fv. 50 Hol – Aurland var natt til onsdag stengd på grunn av uvêr. Onsdag morgon melder Statens vegvesen at det vert innført kolonnekøyring for alle frå klokka 08.00 på strekninga Nilsegard– Øyestøl, og den første kolonnen vil starte frå Nilsegard.

Her kan du sjå ferske bilde frå Statens vegvesen sine trafikkamera.

Trafikkmeldingar for Sogn og Fjordane.

Artikkeltags