– Vi har ikkje hatt vind med slik kraft på ein stund

Denne helga må du halde godt på paraplyen skal du vere opphalde deg på kysten.

Denne helga må du halde godt på paraplyen skal du vere opphalde deg på kysten. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

VÊR: Det er venta liten til full storm ved kysten.

DEL

– Vi får jo ein den vind om sommaren òg, men ein kan kalle dette for årets første hauststorm, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Fredag er det meldt om sørleg sterk kuling på kysten, og liten til dels full storm ved Stad. Vinstyrken kjem til å ligge mellom 22 m/s til 25 m/s som er full storm.

Innover landet kan det variere ganske mykje, ifølge statsmeteorologen.

– Det blåser ganske mykje i høgda, men det er for det meste kysten som vil kjenne på det.

Ingen tur i båten

– Ein bør nok ikkje ta seg noko tur ut på havet i småbåt, nei.

Ifølge Hassel vil vinden stå på det sterkaste frå føremiddag av, til om lag til klokka 21.00. Vinden kjem til å minke sakte utover kvelden.

I tillegg til sterk vind, kjem mykje nedbør òg til å prege inngangen til helga ved kysten.

– Det kjem til å auke på med regn frå no og utover kvelden. Maks intensitet kjem til å bli nådd i kveld rundt midnatt, før det byrjar å minke utover natta, seier Hassel.

Minkar utover kvelden

Men storm kjem ikkje til å prege heile helga.

På laurdag er vindstyrken nede i sørleg frisk bris på kysten, med stiv kuling nær Stad.

Frå laurdag morgon går den frå vest, men seinare vil det bli nordvestleg bris, til dels frisk bris på kysten. Dagen blir skya eller delvis skya med regnbyer.

– Utover laurdag vil det bli lengre og lengre periodar mellom regnbyene. Viss ein er heldig då kan ein til og med sjå litt blå himmel, meiner Hassel.

Håp om sol neste veke

Søndag vil det komme meir regn igjen, i tillegg til at temperaturen vil vere låg på om lag 13 grader midt på dagen.

– Helga vil bli ganske sur og kald. Det vil nok byrjinga på neste veka òg vere, men prognosane gir håp for litt sol og varmare temperatur torsdag og fredag, seier statsmeteorologen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken