Onsdag kan det komme 50 millimeter regn på seks timar: – Intenst

VÅTT: Onsdag blir ein våt dag i fylket.

VÅTT: Onsdag blir ein våt dag i fylket. Foto:

Av og
Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: – Folk må vere merksame på at det kjem mykje vatn på kort tid.

DEL

Det seier Hanne Beate Skattør, vakthavande meteorolog ved vêrvarslinga på Vestlandet tysdag kveld.

Onsdag er det nemleg venta mellom 30 og 50 millimeter nedbør i Sogn og Fjordane i løpet av morgonen og føremiddagen. I løpet av 12 timar kan det komme opp mot 70 millimeter enkelte stadar i fylket.

– Mesteparten av regnet kjem på relativt kort tid, så det blir intenst. Utover ettermiddagen og kvelden vil det gå over til byevêr, seier Skattør.

Sendt ut farevarsel

På grunn av det store nedbørsmengdene som er venta har Meteorologisk institutt sendt ut gult farevarsel – det lågaste farevarselet dei sender ut.

NVE har i tillegg send ut eit farevarsel, også på gult nivå, for jordskredfare på Vestlandet.

– Det er fare for at det blir ein del overvatn i tettbygde strøk, held Skattør fram. Ho oppfordrar folk til å sjekke og sørge for at vatnet har fri ferdsel i bekkeløp og avløp.

– Det er ikkje uvanleg at det kjem 60–70 millimeter nedbør på ein dag på Vestlandet, men sidan det kjem i løpet av så kort tid må folk vere merksame.

Vinden er onsdag venta å ligg på sørleg stiv til sterk kuling på kysten, men vi minke utover dagen.

Natt til torsdag og utover heile torsdagen held regnet fram, men ikkje like mykje som onsdagen.

Våt helg i vente

Om du er blant dei som ønskjer deg regn, har meteorologen godt nytt framfor helga: Det blir regnbyer utover fredagen og på laurdag. Søndag blir det tørrare, men også då kan det kome nokre dropar.

Temperaturane vil ligge på kring 12–13 grader dei neste dagane.

Artikkeltags