Stigande temperaturar og regn på søndag: Slik blir vêret i påska

MEIR SKYER: Det vil bli meir skyer og stigande temperaturar i første del av påska.

MEIR SKYER: Det vil bli meir skyer og stigande temperaturar i første del av påska. Foto:

Påska vil stort sett bli tørr, og temperaturane stig, men søndagen kan bli blaut.

DEL

– Onsdagen ser det veldig fint ut. Langs kysten er det litt meir skyer. I morgontimane var det litt nedbør like utanfor kysten i Sunnfjord, men det var nokre drypp, og så klårna det opp, seier meteorolog Gunnar Livik.

Han kan melde at frå skjærtorsdag av, vil ikkje himmelen vere like klår som den har vore den siste tida.

– Vi vil sjå eit litt meir tynt skydekke. Men det er likevel fint vêr, og temperaturane er stigande.

Trass i mildvêret som har vore i det siste, vil det framleis vere mogleg å ta skia fatt i påska.

– Men dei som vil stå på ski må eit godt stykke opp i fjella, til skianlegga som har klart å halde på snøen.

Godvêret forsvinn på søndag

Siste del av helga blir noko våtare enn det sunnfjordingane har vore vande med dei siste vekene, og det vil komme eit skifte seint laurdag eller natt til søndag.

– Søndagen ser ganske blaut ut. Det blir nokre regnbyer utover måndag òg, men då i beskjedne mengder, seier Livik.

Han kan ikkje garantere at det fine vêret kjem tilbake etter helga, sjølv om det ser lovande ut.

– Det er håp og gode moglegheiter for finvêr. Dei siste prognosane seier at det blir betre etter helga, men prognosane for neste veke er usikre. Eg tør ikkje gi nokre garantiar. Det kan bli veldig bra, men vi kan òg få meir skiftande vêr neste veke.

SKIFTAR: Fram til påskafta skal det vere fint vêr, men seint laurdag eller natt til søndag vil det skifte, og søndagen blir blaut.

SKIFTAR: Fram til påskafta skal det vere fint vêr, men seint laurdag eller natt til søndag vil det skifte, og søndagen blir blaut. Foto:

Dempar ikkje brannfaren

Påska vil stort sett vere tørr, og temperaturane skal stige.

– Sjølv om det kanskje kjem nokon drypp, blir det tørt. Det er ikkje nok til å dempe gras- og lyngbrannfaren. Folk må vere fornuftige med bruk av open eld, seier Livik.

Nettene blir mildare

Skydekket som skal komme vil gjere at nettene blir mildare, ifølge meteorologen.

– I låglandet ser det ut til at det blir lite frost. Når det er litt meir skyer, dempar det varmetapet frå bakken. Når det er klårvêr og lite skyer, tappar varmen seg meir, forklarer Livik.

Artikkeltags