Snø, sludd og vind i vente

MEIR SNØ I VENTE: Til helga blir det meir snø i store delar av fylket.

MEIR SNØ I VENTE: Til helga blir det meir snø i store delar av fylket. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Om du er glad i snø, kan du glede deg over påfyll til helga.

DEL

– Inngangen til helga byrjar bra, men det er nedbør og skyer på veg innover, seier Mariann Aabrekk, meteorolog i StormGeo til Firda fredag føremiddag.

Nedbøren når Sogn tidleg fredag ettermiddag og vil i løpet av kvelden nå resten av fylket.

Medan kysten får nedbøren som regn, får resten av fylket snø.

– Det blir ikkje dei heilt store mengdene, kanskje om lag 5–10 cm i løpet av fredagen, seier Aabrekk.

Laurdag blir ganske lik fredagen. Det byrjar greitt, men så kjem eit nytt nedbørsområde som passerer i løpet av ettermiddagen og kvelden. Temperaturane blir liggande rundt 0 grader med lokale variasjonar.

Det kan kome liten kuling på kysten.

Vidare utover søndag, måndag og tysdag er det svake lågtrykk som kjem tett på.

– Det blir ikkje mykje vind eller nedbør, men det kan kome litt, seier Aabrekk.

Artikkeltags