Framleis moderat snøskredfare

NVE Varslar moderat snøskredfare Påskeaftan. Dette bildet er frå eit snøskred i Sogndalsdalen ved Hodlekve i 2016.

NVE Varslar moderat snøskredfare Påskeaftan. Dette bildet er frå eit snøskred i Sogndalsdalen ved Hodlekve i 2016. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er framleis moderat snøskredfare i fjellet og det kan vere lokalt ustabile forhold.

DEL

I høgda er det fersk fokksnø som fører til lokalt ustabile forhold. Problemet finst i alle varslingsregionane fordi vind har blåst snø inn i le-heng, og dette kan føre til at det losnar tørre flakskred. Under mildvêrsgrensa og i bratte solvende sider kan laussnøskred losne av seg sjølv, skriv NVE i skredvarslinga for Påskeaftan.

Dei ber folk vere obs på at skavlar blir svekka av sol og mildvêr og ber om at ein held seg på trygg grunn.

Skavl-brot kan også føre til utløysing av skred i fjellsida under skavlane.

NVE skriv vidare at ein vekta av ein skiløpar nokre stadar er nok til å løyse ut skred i fersk fokksnø.

Artikkeltags