Kvit jul. Kanskje. Til å begynne med.

SLIK: Det er slik det skal vere. Men det er visst ikkje slik det skal bli.

SLIK: Det er slik det skal vere. Men det er visst ikkje slik det skal bli. Foto:

Meteorologen: – Det er nok ikkje slik at det er snakk om opphald mellom bygene. Nedbør og temperaturauke er stikkord for julafta i Sogn og Fjordane.

DEL

– Vakthavande meteorolog Tone Christin Thaule, Vervarslinga på Vestlandet, kva kan eg hjelpe deg med?

– Hei. Det er frå avisa Firda i Førde. Du, vi har fått snø her no. Kan vi ikkje berre gi oss der? Det er fint som det er.

– Å, de har det, ja? Ja snør det framleis?

– Litt. Eg såg eit snøfjon i stad.

– Ja, det kjem det kanskje til å fortsette med ei stund utover dagen. Det ligg ei lita, svak sone med litt nedbør over fylket, men den er på veg sørover. Når det kjem til ettermiddag vil det meste ha passert. Men ja, det kan bli litt snø først på dagen.

– Og så, då?

– Ja, nei, så blir det opphaldsvêr. Det kan til og med hende skydekket sprekk opp litt, så vi får kalle det skya eller delvis skya opphaldsvêr.

– Ja, men det er greitt det. Berre ikkje snøen forsvinn.

– Jau, men så, i morgon, kjem det eit nytt lågtrykk inn frå vest, det betyr nedbør og vind, vi snakkar om vestleg liten til stiv kuling både på kysten og i fjellet. Ved Stadt kan det komme opp i sterk kuling og kanskje liten storm. Men det er jo ein plass det ofte bles ganske mykje, då.

– Samma det, berre det snør.

– Njaa, eit stikkorda for julaftan blir nok nedbør, ja. Det ser ut som det nedbøren kjem utan opphald heile dagen, faktisk.

– Så då snør vi heilt ned, då?

– Det andre stikkordet er temperaturauke. Nedbøren vil kunne komme som sludd eller snø til å begynne med, men etter kvart går det over i regn i låglandet.

– Men ... regn, altså?

– Ganske mykje regn og. Og ganske lågt skydekke, vil eg tru. Heile dagen. Og vind, sa eg det?

– Har du ikkje noko hyggeleg å snakke om?

– Jau, eg har no faktisk det og. Det ser kanskje litt betre ut første juledag, då vil det begynne sprekke opp litt, i ytre delar av fylket vil det bli hanske greitt, der får vi kanskje sjå sol og i løpet av dagen.

Så slik er det. Skal du kunne ta bilde av kvit jul og legge ut på sosiale medium, må du nok tidleg opp i morgon. Og det er ikkje sikkert det hjelp, det heller. Og etter det er det berre å finne fram paraplyen. Eventuelt sitje inne og skrive lesarbrev om kor krenka og traumatisert du blir av folk som snakkar om kvit jul.

Og sjå på TV og gomle julesnop.  Og opne pakkar. Og ete pinnekjøt, og tenne stearinlys, og sjå ut glaset på ruskeveret, og julelysa til naboen som blafrar og slår og fyk honivold og kortsluttar halve bygda.

Det er no noko, det og.

Artikkeltags