Fare for snøskred – ver varsam i vinterferien

SNØSKREDFARE: Ved inngangen til vinterferien er snøskredfaren betydeleg. Ein skal vere spesielt forsiktig i ukjent terreng.

SNØSKREDFARE: Ved inngangen til vinterferien er snøskredfaren betydeleg. Ein skal vere spesielt forsiktig i ukjent terreng. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Snøskredvarselet for Sogn og Fjordane ligg mellom «moderat» og «betydeleg» inn mot vinterferien.

DEL

Stormen onsdag og torsdag har flytta mykje snø og lagt opp mengder med fokksnø i leheng. No er det lett å løyse ut skred.

Dette skriv varsom.no på sine nettsider.

Ver forsiktig i bratt terreng

Ein skal vere mest forsiktig i område som er brattare enn 30 grader. Unngå å gå ut på skavlar på fjelltoppar og langs fjellryggar, desse kan lett losne.

SKREDVARSEL: Varselet for laurdag.

SKREDVARSEL: Varselet for laurdag. Foto:

Snø som sprekk opp rundt skia eller snøbrettet er eit typisk fareteikn.

For deg som skal feriere i fjellet og gå på tur kan det vere lurt å følge med på dei oppdaterte snøskredvarsla.

Vêret for helga

Til helga ser det ut til at laurdag vert den finaste av dagane.

– Det ser bra ut, men laurdag kveld vil vi nok få litt nedbør. Det vil komme som regn ytterst på kysten, men i Førde der temperaturen ligg rundt null er det litt vanskeleg å spå. Det kan bli regn eller sludd og snø, men det er ikkje snakk om så mykje nedbør, seier meteorolog Lars Andreas Selberg ved Meteorologisk institutt.

Søndagen vil bestå av bygevêr. Her vil nok temperaturen halde seg litt på plussida slik at nedbøren kjem som regn dei fleste stadar.

Artikkeltags